17 Han er før alt,og i han blir alt halde saman.
18 Han er hovudet for kroppen, som er kyrkja.Han er opphavet,den førstefødde frå dei døde,så han i eitt og alt skal vera den fremste.
19 For i han ville Gud la heile sin fylde bu,
20 og ved han ville Gud forsona alt med seg,det som er i himmelen, og det som er på jorda,då han skapte fred ved hans blod på krossen.
21 De òg var ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke med dei vonde gjerningane dykkar.
22 Men no har han forsona dykk med seg, då Kristus leid døden i sin kropp av kjøt og blod. Heilage, uklanderlege og utan feil ville han stilla dykk fram for seg,
23 så sant de blir ståande i trua, grunnfeste og støe, og ikkje lèt dykk riva bort frå håpet i evangeliet, det som de har høyrt. Det er forkynt for alle skapningar under himmelen, og eg, Paulus, er ein tenar for det.