26 det mysteriet som har vore løynt gjennom alle tider og for alle slekter, men som no er openberra for hans heilage.
27 Gud ville kunngjera for dei kor rikt på herlegdom dette mysteriet er for folkeslaga: Kristus er mellom dykk, håpet om herlegdomen!
28 Det er han vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus.
29 For å nå dette målet arbeider og kjempar eg i hans kraft, som verkar i meg med styrke.