20 Når de med Kristus har døydd bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då leva slik ein gjer i verda, og følgja bod som
21 «ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»?
22 Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er meinte til å brukast og gå til grunne.
23 Rett nok har slikt ord på seg for å vera visdom, både sjølvlaga gudsdyrking, sjølvfornekting og mishandling av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera kjøtet vårt til lags.