3 For i han ligg alle skattar av visdom og kunnskap gøymde.
4 Dette seier eg for at ingen skal lura dykk med lokkande talemåtar.
5 For sjølv om eg ikkje er hos dykk med kroppen, er eg hos dykk i ånda, og eg ser med glede den gode orden som rår hos dykk, og kor faste de er i trua på Kristus.
6 Når de har teke imot Kristus Jesus som Herre, så lev då i han,
7 rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i den trua de er opplærte i, og lat dykkar takk fløyma!
8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus.
9 For i hans kropp bur heile guddomsfylden,