6 Når de har teke imot Kristus Jesus som Herre, så lev då i han,
7 rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i den trua de er opplærte i, og lat dykkar takk fløyma!
8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus.
9 For i hans kropp bur heile guddomsfylden,
10 og i han, som er hovudet for alle makter og åndskrefter, har de fått denne fylden.
11 I han vart de òg omskorne, men ikkje av menneskehender. De vart omskorne med Kristi omskjering då de la av den kroppen som kjøtet har makta over.
12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, han som reiste Kristus opp frå dei døde.