16 Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar. Syng for Gud med takk i hjarta!
17 Og alt de gjer, i ord og gjerning, skal de gjera i Herren Jesu namn og ved han takka Gud, vår Far.
18 Kvinner, underordna dykk mennene dykkar, som det sømer seg i Herren.
19 Menn, elsk konene dykkar og ver ikkje harde mot dei.
20 Born, ver lydige mot foreldra dykkar i alle ting, for det er til glede i Herren.
21 Foreldre, ver ikkje så strenge mot borna dykkar at dei mistar motet.
22 Slavar, lyd dei jordiske herrane dykkar i alle ting. Ver ikkje augnetenarar som berre vil gjera menneske til lags, men lyd dei av eit ærleg hjarte, i ærefrykt for Herren.