2 Vend dykkar sinn til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda.
3 For de er døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud.
4 Men når Kristus, dykkar liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.
5 Så lat det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst, og trongen til alltid å eiga meir, som ikkje er anna enn avgudsdyrking.
6 Alt dette gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.
7 Mellom dei var de òg, den gongen de levde i dette.
8 Men no må de leggja av alt dette: sinne, raseri, vondskap, spott og rått snakk.