8 Men no må de leggja av alt dette: sinne, raseri, vondskap, spott og rått snakk.
9 Og lyg ikkje for kvarandre! For de har kledd av dykk det gamle mennesket med dei gjerningar som høyrer det til,
10 og ikledd dykk det nye mennesket, som blir fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna.
11 Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, barbar, skytar, slave eller fri. Nei, Kristus er alt og i alle.
12 De er Guds utvalde, heilage og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige,
13 så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre.
14 Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen.