2 Ver uthaldande i bøna, vak og be og takk Gud!
3 Be for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi mysterium, det eg sit bunden for.
4 Be om at eg må få tala slik som eg skal når eg gjer det kjent.
5 Gå fram med visdom mellom dei som står utanfor, og bruk den dyrebare tida godt.
6 Lat alltid orda dykkar vera venlege, men godt salta, så de veit korleis de skal svara kvar einskild.
7 Tykikos kjem til å fortelja dykk alt om korleis eg har det. Han er ein elska bror og ein trufast tenar og medarbeidar i Herren.
8 Eg sender han til dykk for at de skal få høyra korleis det er med oss, og for at han skal trøysta hjarta dykkar.