11 Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»
12 Straks etter dreiv Anden han ut i øydemarka,
13 og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. Han heldt til mellom dei ville dyra, og englane tente han.
14 Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium
15 og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!»
16 Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror til Simon. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar.
17 Jesus sa til dei: «Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»