19 Då Jesus kom litt lenger fram, fekk han sjå Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten og bøtte garna.
20 Då kalla han dei, og dei lét far sin, Sebedeus, bli att i båten saman med arbeidskarane og følgde Jesus.
21 Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagogen og underviste.
22 Alle var fulle av undring over læra hans, for han lærte dei med myndig tale og ikkje som dei skriftlærde.
23 No var det i synagogen deira ein mann med ei urein ånd. Han sette i å ropa:
24 «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!»
25 Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!»