24 «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!»
25 Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!»
26 Og ånda reiv og sleit i mannen, skreik høgt og fór ut av han.
27 Då vart alle gripne av otte og undring; dei snakka i munnen på kvarandre og sa: «Kva er dette? Ei ny, mektig lære! Han byd til og med dei ureine åndene, og dei lyder han.»
28 Og ordet om han fór snart over heile Galilea-området.
29 Frå synagogen gjekk dei heim til Simon og Andreas saman med Jakob og Johannes.
30 Svigermor til Simon låg sjuk og hadde feber, og dei fortalde det straks til Jesus.