25 Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!»
26 Og ånda reiv og sleit i mannen, skreik høgt og fór ut av han.
27 Då vart alle gripne av otte og undring; dei snakka i munnen på kvarandre og sa: «Kva er dette? Ei ny, mektig lære! Han byd til og med dei ureine åndene, og dei lyder han.»
28 Og ordet om han fór snart over heile Galilea-området.
29 Frå synagogen gjekk dei heim til Simon og Andreas saman med Jakob og Johannes.
30 Svigermor til Simon låg sjuk og hadde feber, og dei fortalde det straks til Jesus.
31 Han gjekk bort til henne, tok henne i handa og reiste henne opp. Då sleppte feberen henne, og ho stelte for dei.