33 Heile byen var samla utanfor døra.
34 Han lækte mange som leid av ulike sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. Men han lét ikkje dei vonde åndene få tala, for dei visste kven han var.
35 Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod Jesus opp, gjekk ut og drog til ein aud stad. Der bad han.
36 Simon og dei som var med han, skunda seg etter,
37 og då dei fann han, sa dei: «Alle leitar etter deg!»
38 Men han svara: «Lat oss fara vidare til småbyane her omkring, så eg kan forkynna der òg. Det er difor eg er komen.»
39 Så drog han omkring i heile Galilea, forkynte i synagogane deira og dreiv ut dei vonde åndene.