7 Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans.
8 Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
9 På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan.
10 Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due.
11 Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»
12 Straks etter dreiv Anden han ut i øydemarka,
13 og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. Han heldt til mellom dei ville dyra, og englane tente han.