2 Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve.
3 «Kva bod fekk de av Moses?» sa Jesus.
4 Dei svara: «Moses har gjeve mannen lov til å skriva skilsmissebrev og senda henne frå seg.»
5 Då sa han til dei: «Fordi hjarta dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet.
6 Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne.
7 Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si,
8 og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp.