23 Då såg Jesus omkring seg og sa til læresveinane sine: «Kor vanskeleg det blir for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike!»
24 Læresveinane vart gripne av otte og undring då han sa det. Men Jesus tok til orde att og sa: «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike {{for dei som set si lit til rikdom}}.
25 Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»
26 Då vart dei reint forstøkte og sa til kvarandre: «Kven kan då bli frelst?»
27 Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud.»
28 Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg.»
29 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen har forlate hus eller brør eller systrer eller mor eller far eller born eller åkrar for mi skuld eller for evangeliet skuld