24 Læresveinane vart gripne av otte og undring då han sa det. Men Jesus tok til orde att og sa: «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike {{for dei som set si lit til rikdom}}.
25 Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»
26 Då vart dei reint forstøkte og sa til kvarandre: «Kven kan då bli frelst?»
27 Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud.»
28 Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg.»
29 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen har forlate hus eller brør eller systrer eller mor eller far eller born eller åkrar for mi skuld eller for evangeliet skuld
30 utan at han skal få det att hundre gonger. Her i denne tida skal han få hus, brør, systrer, mødrer, born og åkrar, men han skal òg bli forfølgd – og i den verda som kjem, skal han få evig liv.