26 Då vart dei reint forstøkte og sa til kvarandre: «Kven kan då bli frelst?»
27 Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud.»
28 Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg.»
29 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen har forlate hus eller brør eller systrer eller mor eller far eller born eller åkrar for mi skuld eller for evangeliet skuld
30 utan at han skal få det att hundre gonger. Her i denne tida skal han få hus, brør, systrer, mødrer, born og åkrar, men han skal òg bli forfølgd – og i den verda som kjem, skal han få evig liv.
31 Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første.»
32 Dei var no på veg opp til Jerusalem, og Jesus gjekk føre dei. Læresveinane var urolege, og dei som følgde med, var redde. Då samla han atter dei tolv omkring seg og tok til å fortelja dei kva som skulle henda han: