34 og dei skal spotta han og spytta på han, piska han og slå han i hel. Og tre dagar etter skal han stå opp att.»
35 Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, kom til Jesus og sa: «Meister, det er noko vi vil be deg gjera for oss.»
36 «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» spurde han.
37 Dei svara: «Lat oss få sitja attmed deg i din herlegdom, den eine på høgre og den andre på venstre sida di.»
38 «De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg drikk, eller døypast med den dåpen eg blir døypt med?»
39 «Det kan vi», svara dei. Då sa Jesus til dei: «Det begeret eg drikk, skal de drikka, og den dåpen eg blir døypt med, skal de døypast med.
40 Men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som det er gjort i stand for.»