36 «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» spurde han.
37 Dei svara: «Lat oss få sitja attmed deg i din herlegdom, den eine på høgre og den andre på venstre sida di.»
38 «De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg drikk, eller døypast med den dåpen eg blir døypt med?»
39 «Det kan vi», svara dei. Då sa Jesus til dei: «Det begeret eg drikk, skal de drikka, og den dåpen eg blir døypt med, skal de døypast med.
40 Men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som det er gjort i stand for.»
41 Då dei ti andre høyrde dette, vart dei sinte på Jakob og Johannes.
42 Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at dei som blir rekna for å vera fyrstar over folka, undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand.