8 og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp.
9 Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»
10 Då dei var komne i hus att, spurde læresveinane han om dette.
11 Han sa til dei: «Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna, gjer seg skuldig i ekteskapsbrot mot den første.
12 Og om ei kvinne skil seg frå mannen sin og gifter seg med ein annan, bryt ho ekteskapet.»
13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort.
14 Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.