16 og han gav ingen lov til å bera noko over tempelplassen.
17 Og han lærte dei: «Står det ikkje skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk?Men de har gjort det til ei røvarhòle.»
18 Overprestane og dei skriftlærde fekk høyra dette, og dei freista å finna ei råd til å ta livet av han. For dei var redde han fordi heile folket var overvelda av læra hans.
19 Då det vart kveld, gjekk Jesus og læresveinane ut av byen.
20 Tidleg om morgonen gjekk dei forbi fikentreet, og då såg dei at det hadde visna heilt ifrå rota.
21 Peter kom i hug Jesu ord og sa: «Rabbi, sjå fikentreet som du forbanna! Det har visna.»
22 Og Jesus svara dei: «Ha tru til Gud!