26 {{Men om de ikkje tilgjev, skal heller ikkje Far dykkar i himmelen tilgje dykkar misgjerningar.}}»
27 Igjen kom dei inn i Jerusalem. Og medan Jesus gjekk omkring på tempelplassen, kom overprestane, dei skriftlærde og dei eldste til han
28 og sa: «Kva rett har du til å gjera dette? Eller kven har gjeve deg fullmakt til å gjera det?»
29 Jesus sa til dei: «Eg har òg eit spørsmål til dykk. Svar meg på det, så skal eg seia dykk kva fullmakt eg har til å gjera dette.
30 Johannes-dåpen, var den frå himmelen eller frå menneske? Svar meg på det!»
31 Dei samrådde seg med kvarandre og sa: «Svarar vi: ‘Frå himmelen’, vil han seia: Kvifor trudde de han då ikkje?
32 Skal vi svara: ‘Frå menneske’?» Men dei var redde folket, for alle meinte at Johannes verkeleg var ein profet.