7 Så kom dei til Jesus med folen og la kappene sine på han, og Jesus sette seg oppå.
8 Mange breidde kappene sine på vegen, andre strødde friske greiner som dei hadde hogge ute på markene.
9 Både dei som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:«Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
10 Velsigna er vår far Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste!»
11 Han kom inn i Jerusalem og gjekk opp på tempelplassen. Der såg han seg omkring alle stader, men sidan det leid mot kveld, drog han ut til Betania med dei tolv.
12 Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, vart Jesus svolten.
13 Langt borte såg han eit fikentre med lauv på. Han gjekk dit og ville sjå om han kunne finna noko på det. Men då han kom bortåt, fann han berre lauv, for det var ikkje tid for fiken.