1 Så tok han til å tala til dei i likningar: «Ein mann planta ei vinmark. Han sette gjerde rundt, hogg ut ei vinpresse og bygde eit vakttårn. Så leigde han marka bort til nokre vinbønder og drog utanlands.
2 Då tida kom, sende han ein tenar til bøndene for å få sin del av avlinga.
3 Men dei greip tenaren, skamslo han og sende han tomhendt bort.
4 Sidan sende eigaren ein annan tenar til dei. Han slo dei i hovudet og spotta.
5 Då sende han endå ein, og han slo dei i hel. Såleis gjekk det med mange: Somme skamslo dei, og somme drap dei.
6 No hadde han ein einaste att, sin eigen son, som han hadde så kjær. Til sist sende han sonen til dei, for han tenkte: ‘Son min har dei nok vørdnad for.’