10 Har de ikkje lese dette ordet i Skrifta: Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.
11 Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre auge.»
12 Då ville dei gjerne ha gripe han, for dei skjøna at det var dei han sikta til med likninga si. Men dei torde ikkje for folket. Difor lét dei han vera og gjekk sin veg.
13 Sidan sende dei nokre av farisearane og herodianarane som skulle fanga han i ord.
14 Dei kom og sa til han: «Meister, vi veit at du er ærleg og ikkje bryr deg om kva andre meiner. For du gjer ikkje skilnad på folk, men lærer i sanning Guds veg. Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje? Skal vi betala, eller skal vi la det vera?»
15 Men Jesus merka hykleriet deira og sa til dei: «Kvifor set de meg på prøve? Kom med ein denar og lat meg få sjå han!»
16 Dei gav han ein, og han spurde: «Kven har biletet og namnet sitt her?» «Keisaren», svara dei.