16 Dei gav han ein, og han spurde: «Kven har biletet og namnet sitt her?» «Keisaren», svara dei.
17 Då sa Jesus til dei: «Gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til!» Og dei undra seg over han.
18 Så kom det nokre saddukearar til han, dei som seier at dei døde ikkje skal stå opp. Og dei la fram for han dette spørsmålet:
19 «Meister, Moses har gjeve oss dette påbodet: Om ein mann har ein bror som døyr og etterlèt seg kone, men ikkje born, skal han gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin.
20 No var det sju brør. Den første tok seg ei kone, men døydde utan å etterlata seg born.
21 Så gifte den andre seg med henne; han òg døydde barnlaus, og på same måten gjekk det med den tredje.
22 Ingen av dei sju etterlét seg born. Sist av dei alle døydde kvinna.