19 «Meister, Moses har gjeve oss dette påbodet: Om ein mann har ein bror som døyr og etterlèt seg kone, men ikkje born, skal han gifta seg med enkja og halda oppe ætta til bror sin.
20 No var det sju brør. Den første tok seg ei kone, men døydde utan å etterlata seg born.
21 Så gifte den andre seg med henne; han òg døydde barnlaus, og på same måten gjekk det med den tredje.
22 Ingen av dei sju etterlét seg born. Sist av dei alle døydde kvinna.
23 Men i oppstoda, den dagen dei står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har då vore gifte med henne.»
24 Jesus sa til dei: «De er på ville vegar! Og er ikkje det fordi de verken kjenner skriftene eller Guds makt?
25 For når dei døde står opp, gifter dei seg ikkje og blir ikkje bortgifte; nei, dei er som englane i himmelen.