21 Så gifte den andre seg med henne; han òg døydde barnlaus, og på same måten gjekk det med den tredje.
22 Ingen av dei sju etterlét seg born. Sist av dei alle døydde kvinna.
23 Men i oppstoda, den dagen dei står opp att, kven av dei skal då ha henne til kone? Alle sju har då vore gifte med henne.»
24 Jesus sa til dei: «De er på ville vegar! Og er ikkje det fordi de verken kjenner skriftene eller Guds makt?
25 For når dei døde står opp, gifter dei seg ikkje og blir ikkje bortgifte; nei, dei er som englane i himmelen.
26 Men at dei døde står opp, har de ikkje lese om det i Moseboka, i forteljinga om klungeren? Gud tala til Moses og sa: ‘Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.’
27 Han er ikkje ein Gud for døde, men for levande. De er heilt på ville vegar.»