29 Jesus svara: «Dette er det første bodet: ‘Høyr, Israel! Herren vår Gud, Herren er éin.
30 Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt.’
31 Det andre er dette: ‘Du skal elska nesten din som deg sjølv.’ Noko større bod enn desse finst ikkje.»
32 Den skriftlærde sa til han: «Du svarar godt, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han.
33 Å elska han av heile sitt hjarte og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer.»
34 Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til den skriftlærde: «Du er ikkje langt borte frå Guds rike.» Og ingen våga å spørja han meir.
35 Ein gong Jesus underviste på tempelplassen, sa han: «Korleis kan dei skriftlærde seia at Messias er Davids son?