3 Men dei greip tenaren, skamslo han og sende han tomhendt bort.
4 Sidan sende eigaren ein annan tenar til dei. Han slo dei i hovudet og spotta.
5 Då sende han endå ein, og han slo dei i hel. Såleis gjekk det med mange: Somme skamslo dei, og somme drap dei.
6 No hadde han ein einaste att, sin eigen son, som han hadde så kjær. Til sist sende han sonen til dei, for han tenkte: ‘Son min har dei nok vørdnad for.’
7 Men vinbøndene sa til kvarandre: ‘Der har vi arvingen. Kom, lat oss slå han i hel, og arven er vår.’
8 Så tok dei han og slo han i hel og kasta han ut av vingarden.
9 Kva skal no vingardsherren gjera? Han skal koma og gjera ende på vinbøndene og la andre få vingarden.