32 Den skriftlærde sa til han: «Du svarar godt, meister! Det er sant som du seier: Herren er éin, og det finst ingen annan enn han.
33 Å elska han av heile sitt hjarte og av alt sitt vit og av all si makt og å elska nesten sin som seg sjølv, det er meir verdt enn alle brennoffer og slaktoffer.»
34 Då Jesus høyrde kor klokt han svara, sa han til den skriftlærde: «Du er ikkje langt borte frå Guds rike.» Og ingen våga å spørja han meir.
35 Ein gong Jesus underviste på tempelplassen, sa han: «Korleis kan dei skriftlærde seia at Messias er Davids son?
36 For David sjølv seier i Den heilage ande:‘Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar under dine føter.’
37 David sjølv kallar han herre, korleis kan han då vera Davids son?»Den store folkemengda høyrde gjerne på Jesus.
38 Og medan han underviste, sa han: «Pass dykk for dei skriftlærde! Dei vil gjerne gå omkring i lange kapper, ta imot helsingar på torget,