40 Dei et enkjer ut av huset og held lange bøner for syns skuld. Dei skal få så mykje hardare dom.»
41 Ein gong sette Jesus seg midt imot tempelkista og såg på korleis folk la pengar i henne. Og mange rike gav mykje.
42 Så kom det ei fattig enkje og la i to småmyntar, nokre få øre.
43 Då kalla han læresveinane til seg og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista.
44 For dei gav alle av si overflod, men ho gav av sin fattigdom alt det ho eigde, alt det ho skulle leva av.»