18 Og be om at det ikkje må henda om vinteren!
19 For i dei dagane skal det koma ei trengselstid som det aldri før har vore, frå Gud i opphavet skapte verda og fram til no, og som det aldri meir skal bli.
20 Og gjorde ikkje Herren dei dagane kortare, så vart ikkje noko menneske frelst. Men for deira skuld som han valde ut, har han gjort dei dagane kortare.
21 Om nokon då seier til dykk: ‘Sjå, her er Messias’ eller: ‘Sjå, der er han’, så tru det ikkje!
22 For falske messiasar og falske profetar skal stå fram og gjera teikn og under for å føra dei utvalde vill, om dei kan.
23 Så ver på vakt! Eg har sagt dykk alt på førehand.
24 Men i dei dagane, etter denne trengselstida, skal sola formørkjast og månen mista sitt lys.