28 Lær denne likninga av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.
29 Like eins veit de at han er nær, ja, rett utfor døra, når de ser at dette hender.
30 Sanneleg, eg seier dykk: Denne slekta skal ikkje forgå før alt dette hender.
31 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
32 Men dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
33 Ver på vakt, hald dykk vakne! For de veit ikkje når tida er inne.
34 Det er som når ein mann er utanlands. Før han fór heimanfrå, overlét han ansvaret til tenarane sine. Kvar av dei fekk sitt å gjera, og til dørvaktaren sa han at han skulle vaka.