8 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera jordskjelv på stad etter stad, og hungersnaud. Dette er byrjinga på fødselsriene.
9 Men ta dykk i vare! Dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane, og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar, så de kan vitna for dei.
10 Og evangeliet må først forkynnast for alle folkeslag.
11 Men når dei arresterer dykk og fører dykk for retten, så ver ikkje på førehand urolege for kva de skal seia, men sei det som blir gjeve dykk i same stund! For det er ikkje de som talar, men Den heilage ande.
12 Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra og senda dei i døden.
13 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Berre den som held ut til enden, skal bli frelst.
14 Når de ser det motbydelege som øydelegg, stå der det ikkje skulle stå – skjøn det, den som les! – då må dei som er i Judea, rømma til fjells,