1 No var det berre to dagar att til påske og høgtida med usyra brød. Overprestane og dei skriftlærde prøvde å finna ut korleis dei kunne gripa Jesus med list og slå han i hel.
2 «Det må ikkje gjerast under høgtida», sa dei, «for då kan det bli uro i folket.»
3 Jesus var no i Betania, heime hos Simon den spedalske. Medan dei låg til bords, kom det inn ei kvinne med ei alabastkrukke full av ekte og svært dyr nardussalve. Ho braut krukka og helte salven ut over hovudet hans.
4 Nokre som var der, vart arge og sa til kvarandre: «Kva skal ei slik sløsing med salve tena til?