13 Då sende han to av læresveinane sine i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja,
14 og der han går inn, skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid med læresveinane mine?’
15 Då viser han dykk eit stort rom ovanpå, gjort i stand med teppe og puter. Der skal de stella til for oss.»
16 Så gjekk læresveinane av stad. Dei kom inn i byen og fann det slik som han hadde sagt. Og dei gjorde i stand påskemåltidet.
17 Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv.
18 Medan dei var til bords og åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg – ein som et i lag med meg.»
19 Då vart dei sorgfulle, og den eine etter den andre spurde han: «Det er vel ikkje eg?»