15 Då viser han dykk eit stort rom ovanpå, gjort i stand med teppe og puter. Der skal de stella til for oss.»
16 Så gjekk læresveinane av stad. Dei kom inn i byen og fann det slik som han hadde sagt. Og dei gjorde i stand påskemåltidet.
17 Då det vart kveld, kom Jesus med dei tolv.
18 Medan dei var til bords og åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg – ein som et i lag med meg.»
19 Då vart dei sorgfulle, og den eine etter den andre spurde han: «Det er vel ikkje eg?»
20 Han svara: «Det er ein av dei tolv, ein som dyppar i fatet saman med meg.
21 For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»