22 Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Ta imot, dette er min kropp.»
23 Og han tok eit beger, takka og gav dei, og dei drakk alle av det.
24 Og han sa til dei: «Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange.
25 Sanneleg, eg seier dykk: Aldri meir skal eg drikka frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny i Guds rike.»
26 Etter at dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.
27 Då seier Jesus til dei: «De kjem alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg, for det står skrive: Eg skal slå gjetaren, og sauene skal spreiast.
28 Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.»