27 Då seier Jesus til dei: «De kjem alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg, for det står skrive: Eg skal slå gjetaren, og sauene skal spreiast.
28 Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.»
29 Då sa Peter: «Om så alle vender seg bort frå deg – eg gjer det ikkje!»
30 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: No i natt, før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.»
31 Men Peter tok sterkare i og sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg!» Det same sa dei alle.
32 Då dei kom til ein stad som heiter Getsemane, sa Jesus til læresveinane: «Sit her medan eg bed!»
33 Så tok han med seg Peter, Jakob og Johannes. Han vart gripen av angst og gru