33 Så tok han med seg Peter, Jakob og Johannes. Han vart gripen av angst og gru
34 og sa til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak!»
35 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg til jorda og bad at denne timen måtte gå han forbi, om det var råd.
36 «Abba, Far!» sa han. «Alt er mogleg for deg. Ta dette begeret frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»
37 Då han kom tilbake, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Simon, søv du? Makta du ikkje å vaka ein einaste time?
38 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»
39 Så gjekk han bort att og bad med dei same orda.