37 Då han kom tilbake, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Simon, søv du? Makta du ikkje å vaka ein einaste time?
38 Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»
39 Så gjekk han bort att og bad med dei same orda.
40 Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn. Og dei visste ikkje kva dei skulle svara han.
41 Tredje gongen kom han til dei og sa: «Søv de framleis og kviler! No er det avgjort. Timen er komen. Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender.
42 Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»
43 I det same, før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane, dei skriftlærde og dei eldste.