44 Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Ta han og før han bort med sikker vakt.»
45 Og då han kom, gjekk han straks bort til Jesus og sa: «Rabbi!» og kyste han.
46 Så la dei hand på han og tok han til fange.
47 Ein av dei som stod der, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han.
48 Men Jesus sa til dei: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar.
49 Dag etter dag var eg hos dykk på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje. Men dette har hendt for at skriftene skulle oppfyllast.»
50 Då forlét alle Jesus og rømde bort.