49 Dag etter dag var eg hos dykk på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje. Men dette har hendt for at skriftene skulle oppfyllast.»
50 Då forlét alle Jesus og rømde bort.
51 Ein ung mann følgde etter Jesus; han hadde berre eit linklede om seg. Dei tok han,
52 men han sleppte linkledet og rømde naken.
53 Så førte dei Jesus til øvstepresten, og der kom dei saman, alle overprestane, dei eldste og dei skriftlærde.
54 Men Peter følgde etter Jesus, eit langt stykke unna, til han kom inn på gardsplassen hos øvstepresten. Der sette han seg mellom vaktmennene og vermde seg ved elden.
55 Overprestane og heile Rådet prøvde å få fram vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden. Men dei fekk ikkje noko på han.