56 Det var mange som vitna falskt mot han, men vitneutsegnene samsvara ikkje.
57 Då stod det fram nokre som vitna falskt mot han og sa:
58 «Vi har høyrt han seia: ‘Eg skal riva ned dette tempelet som er gjort med hender, og på tre dagar skal eg byggja opp eit anna som ikkje er gjort med hender.’»
59 Men heller ikkje no var det samsvar mellom vitneforklaringane.
60 Då reiste øvstepresten seg, steig fram og spurde Jesus: «Har du ikkje noko svar på skuldingane mot deg?»
61 Men Jesus tagde og svara ikkje eitt ord. Atter spurde øvstepresten: «Er du Messias, Son til Den velsigna?»
62 Jesus svara: «Det er eg. Og de skal få sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma med himmelskyene.»