58 «Vi har høyrt han seia: ‘Eg skal riva ned dette tempelet som er gjort med hender, og på tre dagar skal eg byggja opp eit anna som ikkje er gjort med hender.’»
59 Men heller ikkje no var det samsvar mellom vitneforklaringane.
60 Då reiste øvstepresten seg, steig fram og spurde Jesus: «Har du ikkje noko svar på skuldingane mot deg?»
61 Men Jesus tagde og svara ikkje eitt ord. Atter spurde øvstepresten: «Er du Messias, Son til Den velsigna?»
62 Jesus svara: «Det er eg. Og de skal få sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma med himmelskyene.»
63 Då reiv øvstepresten sund kappa si og sa: «Kva skal vi med fleire vitne?
64 De har høyrt korleis han spottar Gud. Kva meiner de?» Alle felte den dommen at han var skuldig til å døy.