65 Då tok somme til å spytta på han, og dei batt for auga hans, slo han med nevane og sa: «No kan du vera profet!» Og vaktmennene gjekk laus på han med piskeslag.
66 Medan Peter var nede på gardsplassen, kom ei av tenestejentene hos øvstepresten.
67 Då ho såg Peter som sat og vermde seg, stirte ho på han og sa: «Du òg var med denne Jesus frå Nasaret.»
68 Men han nekta. «Eg skjønar ikkje og forstår ikkje kva du snakkar om», sa han og gjekk ut i portrommet. {{Då gol hanen.}}
69 Men jenta fekk auge på han att, og sa igjen til dei som stod omkring: «Han der er ein av dei.»
70 Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Jo visst er du ein av dei! Du er då galilear.»
71 Men han sette i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje denne mannen de snakkar om.»