68 Men han nekta. «Eg skjønar ikkje og forstår ikkje kva du snakkar om», sa han og gjekk ut i portrommet. {{Då gol hanen.}}
69 Men jenta fekk auge på han att, og sa igjen til dei som stod omkring: «Han der er ein av dei.»
70 Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Jo visst er du ein av dei! Du er då galilear.»
71 Men han sette i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje denne mannen de snakkar om.»
72 Straks gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt.